VIPartiet vil ha trygge skulevegar - fekk "nei"
Kommunestyret stemte ned Velferd og Innovasjonspartiets forslag.

Dette er "farbar" skuleveg på Bømlo. Denne bratte privateigde stien er ikkje brøyta, eller strødd om vinteren, og er farleg å sykle på. Kommunen må sørge for trygge skulevegar.
År: 2025
Foto: Frode Aasheim
VIPartiet innstilte like mange endringsforslag som posisjonen hadde til saka om KPS (Kommuneplanens samfunnsdel).
VIPartiet foreslo å trygge skulevegane for alle som bur mindre enn 4km frå skulen. VI meiner at det må vera farbar veg heile året der barn og elever kan bruke sykkel.
Forslaget som vart stemt ned av fleirtalet i kommunestyret var:
"Trafikktryggleik på skulevegar skal vera fullt farbare og trygge året rundt, herunder vedlikehaldt, snørydda og strødd."
Godkjent farbar skuleveg er bl.a. over privat eigedom, på sti, fortau og langs kjøreveg. Framkomsten i vinterhalvåret er ofte vanskeleg og farleg. Den vage formuleringen "prioritera trygge skulevegar" gir ingen forpliktelser overfor borna våre.