VIPartiet fekk gjennomslag for endringar til Kommuneplanens samfunnsdel

Velferd og Innovasjonspartiet innstilte like mange endringsforslag som posisjonen hadde til KPS (Kommuneplanens samfunnsdel). VI ser på heile Bømlo under ett.

Publisert 17. jun. 2025 kl. 16:46
Oppdatert 17. jun. 2025 kl. 17:14

VIPartiet meiner at Bømlo kommune ikkje bør og ikkje kan forplikte seg til internasjonale og overnasjonale lover og avtaler. VI meiner at Bømlo kommune må følgje norske lover og reglement satt av Stortinget og regjeringa. Dette fekk me ikkje gjennomslag for.

Andre forslag som VIPartiet fremja og som vart nedstemt kjem i eigen artikkel. 

Følgjande innstillinger til endring frå VIPartiet vart vedtatt:

Under kapittel 1 "Kommuneplanen - dit me vil"

I avsnitt 1.3. "Berekraftig planlegging":
VI fekk fjerna ordet "internasjonale" frå setningen som nå skal lese:

"Bømlo skal vera med på å oppfylla nasjonale berekraftmål. Difor er FN sine berekraftmål rettleiande for alt kommuneplanarbeid."

I avsnitt 1.6 "Bømlo kommune som utviklar"
VI fekk lagt til "frivillige organsasjonar" i setninga:

"Bømlo kommune skal både levera gode tenester, men må og i større grad bli ein samfunnsutviklar, ein samfunnsaktør som samskapar og går vidare i samarbeid med innbyggjarane, frivillige organisasjonar og lokalsamfunnet."

I avsnitt 1.7 "Nokre gjennomgåande plantema" i underpunkt 1.7.5 "Bu trygt heime"
VI fekk lagt til "tilpassing av eksisterande hus" i setninga:

"Bømlokommune har arbeidd lenge med dette temaet i helse, men det trengs ei tverrsektoriell tilnærming, kor dette også blir ein del av kultur, idrett, byggjing av hus, tilpassing av eksisterande hus, lokalsamfunnsutvikling, mobilitet og offentleg infrastruktur."

Under kapittel 2 "Ta vare på klima og naturen vår"

Punkt 3 i seksjonen "slik gjer me det" vart ordlyden "skal med bakgrunn" endra til "skal ta med" slik at setninga blir:

"Bømlo kommune skal ta med klima- og miljøomsyn i sine føringar for lokalisering, utforming og utbygging av bustader, arbeidsplassar, friluftsareal og lokalt vegnett"

Vårt argument er at slik setninga stod kunne det tolkast at det er berre klima- og miljøomsyn som gjeld i arbeidet.

Fjerde punkt i seksjonen "slik gjer me det" vart ordlyden "samt å utfordra" endra til "samt å oppfordra" slik at setninga blir:

"Bømlo kommune ønskjer også å støtta andre som ønskjer å vera med på den grøne omstillinga, samt å oppfordra næring og innbyggjarar til å tenkja meir klima- og miljøvennleg"

Vårt argument er at det er ikkje kommunen si oppgåve å utfordre og provosere, men å oppfordre gjennom informasjon og incentiver.

I punkt 2.3.1 "Naturen vår" i seksjonen "slik gjer me det"

VI fekk tatt ut "varige og" slik at setninga blir

"Avgrensa naturtapet på land og i strandsona, sikra verdiane gjennom langsiktige utbyggingsgrenser og omsynssonar i KPA, og vekta urørt natur høgare i arealplanar"

Under kapittel 3 "Økonomi, verdiskapning og arbeid"

I punkt 3.8 "Landbruk" fekk VI lagt til følgjande:
"Bømlo kommune skal overhalde det nasjonale jordvernmålet om omdisponering av dyrka jord, og skal ikkje overstiga sin kvote frå fylket som pr. i dag er på 4 dekar i året."

Under kapittel 4 "Leva i kystkommunen"

I punkt 4.3.1 "Kommunesenteret" fekk VI tatt vekk

"Eit sterkt kommunesentrum er nødvendig for alle bømlingar, og er avgjerande for at me kan halda fram med å vera ein sjølvstendig kommune i framtida."

Vårt argument er at dette er ein påstand som ikkje er godt dokumentert.

I punkt 4.3.3 "Sentrumsområde i kommune- og lokalsentra" i "slik gjer me det", Arealoppfølging vart det to endringar.
Første kulepunkt fekk VI lagt til "ha som mål om å" slik at setningen blir:

 "Lokalsentra skal ha som mål om å fungera som møteplassar for alle generasjonar, tilpassa alle livssituasjonar og utvikla for heilårsbruk"

Vårt argument er at slik det stod kan ein lese det slik at det som er lokalsenter i dag mister statusen fordi det ikkje oppfyller krava.

VI fekk sletta heile fjerde kulepunkt som sa "Bygg skal ha aktive, opne fasadar i fyrste etasje mot miljøgate eller der andre aktivitetar skjer (tildømes torg, park, leikeareal, skule, institusjonar)"

Under kapittel 6 "Engasjement og Demokrati"

I punkt 6.2 "Kommunestyret og dei folkevalde" fekk VI lagt til

"og få tett oppfølging av kommunen sin økonomi" i tredje kulepunkt under "slik gjer me det". Setningen blir då:

"Politikarane skal få ta tidleg eigarskap, særleg i store saker som kommuneplan og budsjett og få tett oppfølging av kommunen sin økonomi"

I punkt 6.8 "Samfunnstryggleik og beredskap"
I "slik gjer me det" fekk VI lagt til følgjande:

"Bømlo kommune skal bevisstgjere sitt ansvar for å delta i nasjonale mål om auka matproduksjon som del av den norske beredskapen."