VIPartiet var på "Folk på Bømlo"
Men dei politiske partia vart henvist til å stå nede ved vatnet.

"Folk på Bømlo", Svortland 24. mai 2025
Foto: Frode Aasheim / VIPartiet
Partia måtte stå langt vekke frå alle andre utstillarar - på andre sida av bakken nede ved vatnet. Med ei zip-linje som delte utstillingsområdet i to, betydde det at få folk som kom vår vei.
Det vart noko liv då dei drog igang allsang, men me høyrte frå fleire rullestolbrukarar at det var vanskeleg å kome seg til plassen.

VIPartiet Bømlo på stand. f.v.: Joar Nesse, Frode Aasheim, Caroline Kuven, Inge Selle, Tormod Ustad, Jan Atle Haugland
Foto: Roger Ånderå / VIPartiet
Flagget til VIPartiet ruva høgt, og VIPartiet stilte med fleire medlemmer på stand. Me fekk fleire gode samtalar med besøkjande i tillegg til prat med folk frå andre parti.
Mange takk til dei som stilte på stand og tok ein prat med oss!